onsdag 8. april 2009

Kunsten å leve lenge


Kva er kunsten å leve lenge? Kong Harald vart intervjua i høve 70-års dagen, og fekk spørsmål om kva som er løyndomen ved å bli 70 år. Han svarte at det bare var å holde seg i live, så ordnar det seg etter kvart.
Det var eit festlig svar, frå ein festleg konge. Men kva er det å holde seg i live? Betyr det at vi sjølve bestemmer over kor lenge vi lever? Faktisk veit ingen av oss med visse om vi kjem til å overleve sommaren 2009. Vi har likevel statistikken på vår side, og ein kan seie at det er større sjanse for det, enn å ikkje oppleve det. Likevel veit vi at det kjem til å bli flagga på halv stang, også i dei nærmaste dagane. Ikkje alle dei det vert flagga for vert 70, 80 eller 90 år.


Ein veslevaksen gut frå nordnorge vart spurd om kor gamal han var. ”5 år”, var svaret. ”Ja då skal du vel ta til på skulen til hausten,” spurde den andre. ”Ja,” sa guten, og la til ” Om helsa holder og Herren drøyer.” Vi kan smile av eit slikt svar, men vi kan vel alle ha ei meir audmjuk innstilling til livet. Men når Bibelen seier at alle våre dagar er talde, tyder det at alt er fôrutbestemt, og at eg kan leve som eg vil? Eg døyr vel ikkje før eg skal same kva som skjer? Men eg trur ikkje vi kan tolke det slik. Sjølv ser eg på ei slik tolking som skjebnetru. Det er og ei slags tru, om enn ikkje bibelsk tru. Eg trur at vi i alle fall kan ha innverknad på livslengda vår med måten vi lever på, om vi til dømes lever sunt eller usunt. Mange døyr ein for tidleg død på grunn av livstilsjukdomar. Andre vil rett og slett ikkje leve, og tek saka i eigne hender. Spørsmålet er også om vi har viljen til å leve.


For litt sidan tilbaud eg ei eldre dame forbøn for ein dødeleg sjukdom. ”Nei, elles takk,” var svaret. Så forklarte ho saka. ”Denne sjansen (til å døy) lar eg ikkje gå frå meg, no er eg gamal nok.” Slikt må ein ha respekt for. Det er heller ikkje bare spørsmål om kva vi lever av, men kva vi lever for. Mange slit meg motivasjon til å leve, fordi dei ikkje har noko å leve for. Det er utruleg å sjå når menneske har ein livsvilje og noko å leve for. Dei kan gå igjennom dei tøffaste motgangar, sjukdomar, smerte og plager, og likevel komme positive og levande frå det gang på gang. Ein dag kjem vi alle til eit punkt i livet der vi ikkje kjem vidare. Jau forresten, det er det vi gjer, - vi kjem vidare.


Barna våre opplevde starten på det med elektroniske spel. I dag har det teke heilt av på det området. Mange av spela hadde noko dei kalla ” NEXT LEVEL”, eller på norsk, neste nivå. Slik er det eigentleg å leve også. Vi flyttar oss frå eit nivå til det neste nivå, ” NEXT LEVEL.” Når ein er eit barn er eit år så ufatteleg langt. Som liten gut hugsar eg at det var litt vemodig på nyttårskvelden. Det gamle lange året var over, og vi skulle inn i eit nytt ukjent. Det var eit ” NEXT LEVEL,” - eit nytt kapittel. Så veks ein til og møter den ein vil dele livet med, og etablerer familie. I vakenetter med småbarnskrik og stell, syns tida stå stille. Før ein veit kvar tida har blitt av, vert det med eitt så stille i huset. Kva har skjedd? ” NEXT LEVEL,” - barna er flytte ut, -dei er vaksne. Vi saknar dei ein kort augneblink før vi ven oss til det. Men, før du verkeleg har vorte innkjørd i den nye tidsrekninga, får du ein dag ein liten bylt lagt i armane, og du får vite at det vesle nurket som ligg der innpakka er det fyrste barnebarnet ditt. ” NEXT LEVEL,” - no startar ein flott periode, der du kan nye livets dessert.” Tenk å kunne nyte barnebarna, nesten ansvarslaust. Du tek imot dei når du vil, og leverer dei tilbake når du ikkje orkar meir, eller det ikkje passar. ”NEXT LEVEL”, hugsar du kvar åra blei av? Kan du begripe det konemor, -eg ser på kona og lurer på korleis det skal bli å vere gift med ei bestemor i tida framover. Det går seg til det og, sjølv om ein kjenner seg ung på innsida. Åra går fortare og fortare, og du passerer 50 og konstaterer at du truleg har kortare tid igjen, enn du har levd. Kvar vart åra av, og ikkje minst, kva vil eg bruke resten av livet til? På dataspela før, enda dei fleste spela før eller seinare med to ord som blinka på skjermen, ”GAME OVER”. Då nytta det ikkje å prøve å kome vidare, det var slutt. Spelet var over, alle liv var brukt opp. Like før jul i 2007 døydde to kjende skodespelarar, og Kirsti Sparbo sa noko viselig. ”Vi står alle i kø, men vi veit ikkje kva nummer i rekka vi står” Mange trur at når vi døyr er det ”GAME OVER”, - slutt. Vi vert lagt i kiste og sett i jorda. Slekt og vener samlast til gravferda, presten seier nokre fine ord, og etterkomarane gret nokre tårer og saknar oss, og det var det. Bare minna er tilbake. Veit du kva, eg trur det til motsetning på dataspelet, så er døden ikkje ” GAME OVER” men eit ”NEXT LEVEL”. For den som har teke si tilflukt til Jesus og teke imot han som sin Frelsar her i dette livet, er døden bare eit ” NEXT LEVEL”, men eit ”LAST LEVEL”.(siste nivå) Kva som venter oss på andre sida veit vi ikkje sikkert. Bibelen talar løyndomsfullt om det. Eg veit bare at det vert heilt sikkert herleg. Folk som har vore over linja og blitt vekt opp igjen har hatt opplevingar som samsvarer med det Bibelen seier.


Ein eg snakka med for litt sidan sa om døden. ”Då får vi vite om Bibelen taler sant. Ja,” sa eg, ”men eg vil før tru Bibelen, å så ta feil, enn å ikkje tru den og så ta feil”. Om vi ikkje trur Guds Ord og tek i mot Jesus her i dette livet, då har vi verkeleg rota det til for oss sjølv i det neste liv. Jesus kom for å gje oss livet, det evige livet. Johannes evangelium kap 1, og vers12 seier: Men alle dei som tok imot han,(Jesus) dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Då kan vi gå ein ny dag i møte, trygg på, at det er slik som Paulus skriv om det i Romarbrevet kap. 14 vers 8,: For om vi lever, så lever vi for Herren, og om vi døyr, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til. Det er godt å vite at når vi kjem til ”LAST LEVEL” så er Jesus allereie der. Han møter oss på den andre sida og vil være vår guide. Livet er for kort til å levast utan Jesus.


Ein ateist låg for døden og kalla til seg ein kristen og sa. ”Eg kunne leve utan Jesus, men eg kan ikkje døy utan han”. Ikkje alle får oppleve å kunne ta slike reflekterte val ved livets slutt. Mange går brått inn i evigheita utan mogligheit til å ta eit siste val. Om dei ikkje har valt Jesus her, får dei etter det Bibelen seier, ikkje noko nytt høve til å velge. Då vert avslutninga eit ” LAST LEVEL,” borte frå Gud til evig tid. Difor er mi oppfordring til alle menneske; Vel Jesus i dag, mens han er å finne. Du får aldri eit betre høve til å seie ja. Kunsten å overleve, er kunsten å leve med Jesus i dag på ein slik måte at sjølv om eg ikkje skulle oppleve neste dag her, så feirar eg med Jesus i ein tilstand utan tid. Då er det ikkje lenger nødvendig å halde greie på tida med klokke eller kalender. Då er det mange ting som vi syns er viktige her, som då er heilt uvesentlege.


Frank Håvik


PS. Treng du nokon å snakke med om dette kan du gjerne ta kontakt med meg via Facebook, mail post@josvafolket.org, eller du tek kontakt med ein kristen du kjenner på din heimplass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vi ber om at du holder en høflig tone i kommentarene dine. Innlegg som inneholder grov språkbruk, sjikane eller innlegg som kan virke støtende vil bli slettet.