mandag 28. desember 2009

Menighetsprosjekt på Stord/Fitjar


Kristin og Frank Håvik har no teke over leiinga av menigheten fyrlykta på Stord. Fyrlykta vart starta av Anne Lise og Willy Ersland for om lag 3 år sidan.
For vel 15 år sidan starta vi menigheten Kjærlighetens Oase på Stord, og var leiarar der i 6 år. På det meste var det over 90 medlemmer. I år 2000 overtok det som då var Levende Ord Bibelsenter menigheten, og gjorde han om til Stord Bibelsenter. Dei som var med tidligare, fann seg etter kvart andre menighetar, og mange vart ståande utan nokon menighet. Fleire av desse er no med i det arbeidet som vi har teke over. Også mange nye har søkt seg til dette arbeidet, både frå Stord og ikkje minst frå Fitjar.
Med husmøter som basis Fyrlykta kjem til å bli bygd opp på ein litt nytenkande måte der husmøte spelar ei hovudrolle, og kvart enkelt medlem vert sett i stand til å leve Jesuslivet i kvardagen. I husmøta får ein åndelig fellesskap og undervisning, og deltakarane kan stille spørsmål og få rådgjeving og omsorg. Møta er også menigheten si bønnesatsing med høve til bønnestøtte og forbønn for menneske. Gruppene deler nattverd, og når det er naturleg, kjem også dåp til å skje der.

Disippelskap
Møta dekker også den sosiale trongen i menigheten, og folk vert oppmuntra til å kome saman til aktivitetar som turar, team og liknande. Det vil òg bli lagt vekt på å ta praktisk ansvar og hjelpe kvarandre når det trengs. Gjennom møta vert den enkelt fostra og gjort til Jesu disiplar, og trena til å vere lik Kristus i karakter og tankegang. Flest mogleg vert fostra med tanke på at dei sjølve skal kunne dele evangeliet med andre, og vere med på å vinne menneske for Jesus.

Langhelg på Stord
26.-29. november hadde vi langhelg på Stord/Fitjar. Torsdag heldt Donnie Sanders konsert på kulturhuset. En del folk kom, og dei frammøtte fekk ei flott konsertoppleving. Laurdag hadde Barmhjertighetsbussen stor innsamling av klede og julegåver i Fitjar sentrum. Kleda og gavene skal sendast med trailer til Ukraina på nyåret. Barmhjertighetsbussen gjer eit stort arbeid i Ukraina, og Josvafolket og menigheten Fyrlykta vil stå saman med dei i denne tenesta.

Søndag ettermiddag var det Generasjonsmøte i Fitjartun, ungdomshuset på Fitjar. Møtet fekk eit alvorleg bakteppe. Laurdag morgon vart ein 19-åring drepen i ei tragisk bilulukke. Dei fleste unge var samla til minnestund på søndag, og var derfor ikkje saman med oss på møtet. Lovise og Ann Tora Bod, sang for oss og leida forsamlinga i sang.
Arbeidet med menigheten Fyrlykta vil stå på eigne bein, men vi ser at vidare drift no er direkte utleia av Josvafolket.

Ny heimeside
Menigheten Fyrlykta på Stord har fått ny heimeside. Adressa er www.menighetenfyrlykta.no. Vi har også en aktiv blogg som du finn link til på forsida. Sida vil bli oppdatert etter kvart med det som skjer.
Menigheten har óg en gruppe på Facebook som alle kan vere med i. Leit ho opp om du er på Facebook. Ho heiter ”menigheten Fyrlykta”.

Frank Håvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vi ber om at du holder en høflig tone i kommentarene dine. Innlegg som inneholder grov språkbruk, sjikane eller innlegg som kan virke støtende vil bli slettet.